Ægir Bryggeri

Information
Land Norge
Kontakt info@aegirbryggeri.no
Adress Boks 44

Flåm
Telefonnummer +4757 63 20 50
Hemsida http://www.flamsbrygga.no/bryggeri/
Från producentens hemsida:
Ægir vert i norrøn mytologi omtala som ein jotne. Han er bror av Vinden og av Elden og han er herskaren av havet. Ægir sin hall er ikkje opplyst av eld, men av skiraste gullet. Kvart år ber han Æsene til ete- og drikkegilde i festsalen sin, Brime, der ølet og maten ber seg sjølv rundt og drikkehorna fyller seg sjølve. Ægir bryggjer, ifølgje Odin, det beste ølet, og dette vert bryggja i det største bryggjekaret i verda, ei mil djupt. I Ægir sin hall måtte gudane halde fred med kvarandre og den som laga bråk blei bortvist for evig tid.

Med Ægir som førebilete har vi utvikla vårt bryggeri med tilhøyrande skjenkestove med hans namn. Bryggeriet opna i juni 2007 og har hatt stor suksess. Ølet vårt er også tilgjengeleg på mange salgs- og skjenkestadar i Noreg, med stadig fleire på lista, og snart ein del med fatøl. Vi meiner folk fortjener å få velge i ulike ølsortar på lik linje vin, og derfor tilbyr vi mange slags øl i vårt utval. Ølsortane består av både over- og undergjæra øltypar med inspirasjon frå ulike mikrobryggeri i verden bl. a. frå USA. Bryggjaren vår, amerikanaren Evan Lewis, har gjennom tjue år med både heimebrygging og formell utdanning skapt sine versjonar av spennande og kjende øltypar.

Bryggstorleik er på 10hl og bryggeriet har ein årleg kapasitet rundt 1400hl. Over halvparten av produsert øl går til vidare salg.

Producentens artiklar